{"id":358,"date":"2014-02-10T19:41:18","date_gmt":"2014-02-10T18:41:18","guid":{"rendered":"http:\/\/idse.no\/wp\/?page_id=358"},"modified":"2017-02-03T13:12:31","modified_gmt":"2017-02-03T12:12:31","slug":"fra-vekkinga-pa-idse-1910-11","status":"publish","type":"page","link":"http:\/\/idse.no\/wp\/?page_id=358","title":{"rendered":"Fr\u00e5 vekkinga p\u00e5 Idse 1910-11"},"content":{"rendered":"<p><em>Av <strong>Eli Ids\u00f8<\/strong> (1905-1999)<\/em><br \/>\n<em> Madla juli 1990<\/em><\/p>\n<p>Eg har lese noke i <a href=\"http:\/\/www.allkunne.no\/default.aspx?menu=102&amp;id=5675\" target=\"_blank\">Jakob Straume<\/a> si bok: &laquo;Kristenliv i Rogaland&raquo;, der det ogs\u00e5 st\u00e5r om vekkinga p\u00e5 Idse. Ikkje alt som st\u00e5r der er slik eg har f\u00e5tt det fortalt av mor og far. Eg vil d\u00e5 pr\u00f8va \u00e5 skriva litt, og ta med noke meir enn der st\u00e5r.<\/p>\n<p>Einar Skavland, morfar, hadde fin gard p\u00e5 \u00d8steb\u00f8, Talgje, men tapte s\u00e5 mykje pengar p\u00e5 ein bror sin, som an hadde kausjonert for, at han m\u00e5tte reisa til Amerika med heile fam. Det m\u00e5 ha vore kring \u00e5r 1887. Eldste dottera Elisabeth var gift, og var ikkje med. Mor var den yngste av borna og var bare 12 \u00e5r d\u00e5.<\/p>\n<p>Etter 6 \u00e5r kom dei heim att til Norge. Mor lika seg godt I USA, men etter foreldra sitt ynskje var ho med dei heim. Truleg var den eldste sonen, Kristoffer og med. Dei budde f\u00f8rst ei tid p\u00e5 Tjul, Stjernar\u00f8y, som var heimeplassen til bestemor. Kristoffer overtok garden. Bestefar og bestemor flytte s\u00e5 til Stavanger der dei dreiv eit hotell ei tid, og sidan vedskjereri nede I byen. Dei to s\u00f8strene til mor, Marta R\u00f8rem, mor til Ester Daines og Johanna (Hanna) Tj\u00f8stheim, mor til Chrissie Manville, var gifte f\u00f8r foreldra reiste heim og dei kom aldrig til Norge meir. Den yngste sonen, Johannes, kom sidan heim. Han budde f\u00f8rst p\u00e5 Sokn, men overtok heimegarden p\u00e5 Talgje d\u00e5 den blei til sals.<\/p>\n<p>Bestefar kj\u00f8pte hus i Storgata 13 p\u00e5 V\u00e5land, der mor budde i lag med dei til ho gifta seg i januar 1903. Far budde d\u00e5 i Mj\u00f8ndalen, der han dreiv garden Grav saman med broren, Tore. Eit halvt \u00e5r etter at dei var gifte selde han sin part i garden og dei flytte til Stavanger der han arbeidde i vedskjereriet til bestefar. Bestemor var ein kristen og gjekk mykje p\u00e5 m\u00f8ter, og bestefar var alltid med henne. Dei likte seg alltid godt i Metodistkyrkja ettersom eg hugsa mor fortalde.<\/p>\n<p>Bestemor d\u00f8ydde den 1\/12 \u2013 1903, bare 2 veker etter at mor hadde f\u00e5tt den eldste dottera, Johanna. Det var nok eit hardt slag for mor, og sj\u00f8lvsagt ogs\u00e5 for bestefar og dei andre. I 1909 d\u00f8ydde onkel Bj\u00f8rn, eldste bror til far som dreiv heimegarden p\u00e5 Idse. Far overtok d\u00e5 den, og me flytte til Idse. Eg var d\u00e5 4 \u00e5r, men hugsar godt d\u00e5 me budde i 2-dre h\u00f8gd i huset til bestefar i Storgata. I 1910 blei bestefar sjuk. Han hadde lenge g\u00e5tt vakt og s\u00f8kjande, men v\u00e5ga ikkje \u00e5 tru seg frelst. D\u00e5 var det at Sven Fold\u00f8en, som hadde st\u00e5tt i vekking b\u00e5de p\u00e5 Talgje og ellers i Ryfylke, kom og s\u00e5g om han. N\u00e5r Fold\u00f8en hadde snakka med han ei tid og forstod at det ikkje var noko spesielt som bandt han, tilsa han bestefar syndsforlating i Jesu namn og han fekk sj\u00e5 seg frelst.<\/p>\n<p>Etter det kom mor til byen for \u00e5 sj\u00e5 om han. Bestefar bad d\u00e5 mor om at Fold\u00f8en m\u00e5tte koma til Idse og ha m\u00f8ter, og at han m\u00e5tte f\u00e5 bu hos henne. Mor syntes ikkje ho kunne segja nei til det siste faren bad om, og lova at dersom dei kunne f\u00e5 ha m\u00f8tene p\u00e5 skulehuset kunne han koma.<\/p>\n<p>Den f\u00f8rste ho traff d\u00e5 ho kom av b\u00e5ten heime var postmannen, som og var skulestyret sin kredsformann p\u00e5 Idse. Han var dessutan ein av omgangsvenene til mor og far p\u00e5 den tida. Ho sa d\u00e5 til han at ho hadde vore i byen og sett om faren, som l\u00e5g p\u00e5 det siste, og kva han hadde bedt om. Han svara at han hadde ikkje noko til overs for Sven Fold\u00f8en. &laquo;Men n\u00e5r det var slik&raquo;, sa han &laquo;s\u00e5 m\u00e5 han bare koma og ha s\u00e5 mange m\u00f8ter han vil&raquo;. &raquo; Og blir det noke missn\u00f8gja s\u00e5 skal eg ta det p\u00e5 meg&raquo;, la han til.<\/p>\n<p>Mor hadde d\u00e5 ikkje noko anna \u00e5 gjera enn \u00e5 senna bod at Fold\u00f8en kunne koma. Dagen han skulle koma blei bestemt, og mor gjekk p\u00e5 kaien for \u00e5 ta imot han. Men ingen kom. Postmannen var der d\u00e5 og, og mor sa til han at ho skulde ta imot Fold\u00f8en, men han kom ikkje. &laquo;\u00c5 nei&raquo;, sa han &laquo;slike karar er nok ikkje mykje \u00e5 stola p\u00e5&raquo;.<\/p>\n<p>Det viste seg d\u00e5 at han hadde g\u00e5tt og venta p\u00e5 Olaus \u00d8steb\u00f8, som skulle vore med han, og som hadde blitt forhindra fr\u00e5 \u00e5 reisa. Dermed reiste ikkje Fold\u00f8en heller, d\u00e5 han alltid m\u00e5tte ha ein eller fleire med seg. Det blei s\u00e5 bestemt ny tid, og d\u00e5 kom han og hadde b\u00e5de Olaus \u00d8steb\u00f8 og Ola Hovda med seg. sidan kom ogs\u00e5 Elisabeth Hovda, dotter til Ola.<\/p>\n<p>Far bygde p\u00e5 nytt hus, og hadde Georg Idsal med seg. N\u00e5r dei s\u00e5g desse som mor hadde vore og teke imot, s\u00e5g dei p\u00e5 kvarandre og sa med eit smil at slike karar hadde dei ikkje tid til \u00e5 hefta seg vekk med n\u00e5. Georg kom ikkje p\u00e5 arbeid dei f\u00f8rste dagane etter det. Han var nok ikkje huga p\u00e5 \u00e5 m\u00f8ta Fold\u00f8en. M\u00f8tene tok s\u00e5 til og folket m\u00f8tte fram; mange truleg fordi dei var forvitne p\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 og h\u00f8yra Sven Fold\u00f8en som dei hadde h\u00f8yrt s\u00e5 mykje snakk om.<\/p>\n<p>Etter ganske f\u00e5 m\u00f8ter blei b\u00e5de mor og far sterkt p\u00e5verka. Mor fortalde at in kveld hadde ho sagt til Fold\u00f8en at ho hadde slik tannverk, og kunne ikkje g\u00e5 p\u00e5 m\u00f8te. &laquo;Nei du har ikkje tannverk&raquo;, sa han. Han sa d\u00e5 til tenestegjenta som me hadde at ho skulle vera heime, og mor skulle g\u00e5 p\u00e5 m\u00f8te. Den kvelden var det nok at mor b\u00f8ygde seg n\u00e5r m\u00f8tet var slutt. Far var komen til d\u00f8ra for \u00e5 g\u00e5, men d\u00e5 han s\u00e5g at mor hadde b\u00f8ygd seg, gjekk han inn att og b\u00f8ygde seg ved sida av henne.<\/p>\n<p>Dermed braut vekkinga ut. det var snautt eit hus p\u00e5 Idse eller Idsal utan at nokon var p\u00e5verka. Mange blei frelste og levde med Gud heile livet etter den dag.<\/p>\n<p>Georg Idsal kom ogs\u00e5 p\u00e5 m\u00f8ta, og b\u00e5de han og foreldra og mest heile den store syskenflokken kom med, blei ivrige kristne og misjonsfolk.<\/p>\n<p>Av andre som blei med var m.a. Thomine og Theodor Lunde. Teodor var fr\u00e5 \u00c5m\u00f8y; og Fold\u00f8en skal ha sagt at det st\u00f8rste av alt var at ein \u00c5m\u00f8y-bu var blitt frelst. P\u00e5 \u00c5m\u00f8y var nok ikkje Kinamisjonen velsett i dei dagar, og fekk ikkje ha m\u00f8ter p\u00e5 bedehuset der.<\/p>\n<p>Eg har mange gonger undrast p\u00e5 korleis mor kunne klara alt arbeidet denne tida. for det f\u00f8rste budde me trongt. Det var i det gamle huset. Utan innlagt lys eller vatn. Bestemor hadde nedre stova og kammerset og me budde i den andre enden av huset, og me hadde felles kj\u00f8kken og gjesterom p\u00e5 salen i den 2-dre h.<\/p>\n<p>Mor hadde d\u00e5 4 born under 7 \u00e5r, og arbeidsfolk som var med og bygde huset og dertil 3 &#8211; 4 emiss\u00e6rar i fleire veker. Ho hadde rektignok ei tenestegjenta i 30-40 \u00e5rs alderen, som hette Elisabeth. Ho var trugen og snill, men ho var ikkje av dei aller &laquo;skarpaste&raquo; og var sein til \u00e5 arbeida.<\/p>\n<p>Det var ikkje telefon eller handelsmann p\u00e5 \u00f8ya, men Johannes og Inger Botne tok heim br\u00f8d. Veit ikkje om det var ein eller fleire gonger i veka, men dei tok alltid heim i snauaste laget. Dei opna br\u00f8dkassen p\u00e5 kaien, der folk kunne ta det dei ville ha. Ein gong sendte mor Elisabeth av stad og skulle kj\u00f8pa br\u00f8d. Men d\u00e5 kassen blei opna, str\u00f8ymde folket til og forsynte seg, s\u00e5 n\u00e5r Elisabeth sin tur kom var kassen tom, og ho kom heim utan br\u00f8d.<\/p>\n<p>For min del syntes eg nok at det blei i det meste laget med folk i huset av og til. S\u00e5 ein gong tok eg nattkleda, dokka og leikene mine med meg og gjekk ned til Sven. Der l\u00e5g eg saman med Sigrid i soverommet til Marta og Sven. Ingolf l\u00e5g d\u00e5 sikkert i vogga. Sven og Torbj\u00f8rn gjekk p\u00e5 skulen i byen, s\u00e5 eg syntes nok at der var god plass \u00e5t meg.<\/p>\n<p>N\u00e5r huset far bygde p\u00e5 under vekkinga var ferdig, truleg p\u00e5 haustparten i 1911 eller i beg. av 1912, var det innvielse p\u00e5 det f\u00f8r me flytta inn. Fold\u00f8en og dei andre emiss\u00e6rane som var med i vekkinga var d\u00e5 sj\u00f8lvskrivne talarar p\u00e5 festen. Folk str\u00f8ymde d\u00e5 til b\u00e5de fr\u00e5 Strand og H\u00f8gsfjord og sikkert ogs\u00e5 nokre fr\u00e5 \u00f8yane i Ryfylke. Eg traff fleire i Strand den tid eg flakka ikring der som sa at dei hadde vore p\u00e5 innvielsesfesten p\u00e5 huset v\u00e5rt.<\/p>\n<p>Me borna l\u00e5g sjuke i meslingane, s\u00e5 me fekk ikkje vera med p\u00e5 festen. Men eg hugsar at eg s\u00e5g i vindauga at dei bar p\u00e5 kassar med br\u00f8d som dei skulle sm\u00f8ra.<\/p>\n<p>N\u00e5r me s\u00e5 var friske av meslingane og fekk flytta inn i det nye huset var det stor stas. Hugsar enn\u00e5 korleis me sprang fr\u00e5 rom til rom og syntes me hadde f\u00e5tt god plass. Synest enn\u00e5 eg kjenner den gode malingslukta der var.<\/p>\n<p>&laquo;Men n\u00e5 er det bare minne&raquo;. Men gilde minne. Med takksemd til mor og far og s\u00f8skenflokken. Mest takk til Gud som gjorde alle ting vel.<\/p>\n<p>PS Bedehuset blei bygd nokre \u00e5r etter vekkinga. Det var det far og Georg Idsal som bygde av midlar som var samla inn p\u00e5 Idse og Idsal. Det vart d\u00e5 regelmessige m\u00f8ter kvar sundag og b\u00f8nem\u00f8te kvar onsdag. Dessutan var det sundagsskule kvar sundag i mange \u00e5r.<\/p>\n<p>Ellers fekk me oppleva fleire vekkingar i v\u00e5r barndom og ungdomstid, m.a. ved Olaus \u00d8steb\u00f8, Torvald Ladstein, Johannes Kjeldsvik m.fl.<\/p>\n<p>N\u00e5 er det mitt ynskje og b\u00f8n til Gud at vekkjingstidene m\u00e5 koma att b\u00e5de p\u00e5 Idse og ellers i landet v\u00e5rt.<\/p>\n<p><em>Madla i juli 1990 (Eli Ids\u00f8 1905-1999)<\/em><br \/>\n<em>&#8211; Takk til Dag Ids\u00f8 for dette innlegget<br \/>\n<\/em><\/p>\n<hr \/>\n<p>Se ogs\u00e5:\u00a0<a href=\"http:\/\/idse.no\/wp\/?page_id=749\">Maleri Idse bedehus<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av Eli Ids\u00f8 (1905-1999) Madla juli 1990 Eg har lese noke i Jakob Straume si bok: &laquo;Kristenliv i Rogaland&raquo;, der det ogs\u00e5 st\u00e5r om vekkinga p\u00e5 Idse. Ikkje alt som st\u00e5r der er slik eg har f\u00e5tt det fortalt av mor og far. Eg vil d\u00e5 pr\u00f8va \u00e5 skriva litt, og ta med noke meir [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":151,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"open","template":"","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-358","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/358","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=358"}],"version-history":[{"count":15,"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/358\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":777,"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/358\/revisions\/777"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/151"}],"wp:attachment":[{"href":"http:\/\/idse.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=358"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}