Frå vekkinga på Idse 1910-11

Av Eli Idsø (1905-1999)
Madla juli 1990

Eg har lese noke i Jakob Straume si bok: «Kristenliv i Rogaland», der det også står om vekkinga på Idse. Ikkje alt som står der er slik eg har fått det fortalt av mor og far. Eg vil då prøva å skriva litt, og ta med noke meir enn der står.

Einar Skavland, morfar, hadde fin gard på Østebø, Talgje, men tapte så mykje pengar på ein bror sin, som an hadde kausjonert for, at han måtte reisa til Amerika med heile fam. Det må ha vore kring år 1887. Eldste dottera Elisabeth var gift, og var ikkje med. Mor var den yngste av borna og var bare 12 år då.

Etter 6 år kom dei heim att til Norge. Mor lika seg godt I USA, men etter foreldra sitt ynskje var ho med dei heim. Truleg var den eldste sonen, Kristoffer og med. Dei budde først ei tid på Tjul, Stjernarøy, som var heimeplassen til bestemor. Kristoffer overtok garden. Bestefar og bestemor flytte så til Stavanger der dei dreiv eit hotell ei tid, og sidan vedskjereri nede I byen. Dei to søstrene til mor, Marta Rørem, mor til Ester Daines og Johanna (Hanna) Tjøstheim, mor til Chrissie Manville, var gifte før foreldra reiste heim og dei kom aldrig til Norge meir. Den yngste sonen, Johannes, kom sidan heim. Han budde først på Sokn, men overtok heimegarden på Talgje då den blei til sals.

Bestefar kjøpte hus i Storgata 13 på Våland, der mor budde i lag med dei til ho gifta seg i januar 1903. Far budde då i Mjøndalen, der han dreiv garden Grav saman med broren, Tore. Eit halvt år etter at dei var gifte selde han sin part i garden og dei flytte til Stavanger der han arbeidde i vedskjereriet til bestefar. Bestemor var ein kristen og gjekk mykje på møter, og bestefar var alltid med henne. Dei likte seg alltid godt i Metodistkyrkja ettersom eg hugsa mor fortalde.

Bestemor døydde den 1/12 – 1903, bare 2 veker etter at mor hadde fått den eldste dottera, Johanna. Det var nok eit hardt slag for mor, og sjølvsagt også for bestefar og dei andre. I 1909 døydde onkel Bjørn, eldste bror til far som dreiv heimegarden på Idse. Far overtok då den, og me flytte til Idse. Eg var då 4 år, men hugsar godt då me budde i 2-dre høgd i huset til bestefar i Storgata. I 1910 blei bestefar sjuk. Han hadde lenge gått vakt og søkjande, men våga ikkje å tru seg frelst. Då var det at Sven Foldøen, som hadde stått i vekking både på Talgje og ellers i Ryfylke, kom og såg om han. Når Foldøen hadde snakka med han ei tid og forstod at det ikkje var noko spesielt som bandt han, tilsa han bestefar syndsforlating i Jesu namn og han fekk sjå seg frelst.

Etter det kom mor til byen for å sjå om han. Bestefar bad då mor om at Foldøen måtte koma til Idse og ha møter, og at han måtte få bu hos henne. Mor syntes ikkje ho kunne segja nei til det siste faren bad om, og lova at dersom dei kunne få ha møtene på skulehuset kunne han koma.

Den første ho traff då ho kom av båten heime var postmannen, som og var skulestyret sin kredsformann på Idse. Han var dessutan ein av omgangsvenene til mor og far på den tida. Ho sa då til han at ho hadde vore i byen og sett om faren, som låg på det siste, og kva han hadde bedt om. Han svara at han hadde ikkje noko til overs for Sven Foldøen. «Men når det var slik», sa han «så må han bare koma og ha så mange møter han vil». » Og blir det noke missnøgja så skal eg ta det på meg», la han til.

Mor hadde då ikkje noko anna å gjera enn å senna bod at Foldøen kunne koma. Dagen han skulle koma blei bestemt, og mor gjekk på kaien for å ta imot han. Men ingen kom. Postmannen var der då og, og mor sa til han at ho skulde ta imot Foldøen, men han kom ikkje. «Å nei», sa han «slike karar er nok ikkje mykje å stola på».

Det viste seg då at han hadde gått og venta på Olaus Østebø, som skulle vore med han, og som hadde blitt forhindra frå å reisa. Dermed reiste ikkje Foldøen heller, då han alltid måtte ha ein eller fleire med seg. Det blei så bestemt ny tid, og då kom han og hadde både Olaus Østebø og Ola Hovda med seg. sidan kom også Elisabeth Hovda, dotter til Ola.

Far bygde på nytt hus, og hadde Georg Idsal med seg. Når dei såg desse som mor hadde vore og teke imot, såg dei på kvarandre og sa med eit smil at slike karar hadde dei ikkje tid til å hefta seg vekk med nå. Georg kom ikkje på arbeid dei første dagane etter det. Han var nok ikkje huga på å møta Foldøen. Møtene tok så til og folket møtte fram; mange truleg fordi dei var forvitne på å sjå og høyra Sven Foldøen som dei hadde høyrt så mykje snakk om.

Etter ganske få møter blei både mor og far sterkt påverka. Mor fortalde at in kveld hadde ho sagt til Foldøen at ho hadde slik tannverk, og kunne ikkje gå på møte. «Nei du har ikkje tannverk», sa han. Han sa då til tenestegjenta som me hadde at ho skulle vera heime, og mor skulle gå på møte. Den kvelden var det nok at mor bøygde seg når møtet var slutt. Far var komen til døra for å gå, men då han såg at mor hadde bøygd seg, gjekk han inn att og bøygde seg ved sida av henne.

Dermed braut vekkinga ut. det var snautt eit hus på Idse eller Idsal utan at nokon var påverka. Mange blei frelste og levde med Gud heile livet etter den dag.

Georg Idsal kom også på møta, og både han og foreldra og mest heile den store syskenflokken kom med, blei ivrige kristne og misjonsfolk.

Av andre som blei med var m.a. Thomine og Theodor Lunde. Teodor var frå Åmøy; og Foldøen skal ha sagt at det største av alt var at ein Åmøy-bu var blitt frelst. På Åmøy var nok ikkje Kinamisjonen velsett i dei dagar, og fekk ikkje ha møter på bedehuset der.

Eg har mange gonger undrast på korleis mor kunne klara alt arbeidet denne tida. for det første budde me trongt. Det var i det gamle huset. Utan innlagt lys eller vatn. Bestemor hadde nedre stova og kammerset og me budde i den andre enden av huset, og me hadde felles kjøkken og gjesterom på salen i den 2-dre h.

Mor hadde då 4 born under 7 år, og arbeidsfolk som var med og bygde huset og dertil 3 – 4 emissærar i fleire veker. Ho hadde rektignok ei tenestegjenta i 30-40 års alderen, som hette Elisabeth. Ho var trugen og snill, men ho var ikkje av dei aller «skarpaste» og var sein til å arbeida.

Det var ikkje telefon eller handelsmann på øya, men Johannes og Inger Botne tok heim brød. Veit ikkje om det var ein eller fleire gonger i veka, men dei tok alltid heim i snauaste laget. Dei opna brødkassen på kaien, der folk kunne ta det dei ville ha. Ein gong sendte mor Elisabeth av stad og skulle kjøpa brød. Men då kassen blei opna, strøymde folket til og forsynte seg, så når Elisabeth sin tur kom var kassen tom, og ho kom heim utan brød.

For min del syntes eg nok at det blei i det meste laget med folk i huset av og til. Så ein gong tok eg nattkleda, dokka og leikene mine med meg og gjekk ned til Sven. Der låg eg saman med Sigrid i soverommet til Marta og Sven. Ingolf låg då sikkert i vogga. Sven og Torbjørn gjekk på skulen i byen, så eg syntes nok at der var god plass åt meg.

Når huset far bygde på under vekkinga var ferdig, truleg på haustparten i 1911 eller i beg. av 1912, var det innvielse på det før me flytta inn. Foldøen og dei andre emissærane som var med i vekkinga var då sjølvskrivne talarar på festen. Folk strøymde då til både frå Strand og Høgsfjord og sikkert også nokre frå øyane i Ryfylke. Eg traff fleire i Strand den tid eg flakka ikring der som sa at dei hadde vore på innvielsesfesten på huset vårt.

Me borna låg sjuke i meslingane, så me fekk ikkje vera med på festen. Men eg hugsar at eg såg i vindauga at dei bar på kassar med brød som dei skulle smøra.

Når me så var friske av meslingane og fekk flytta inn i det nye huset var det stor stas. Hugsar ennå korleis me sprang frå rom til rom og syntes me hadde fått god plass. Synest ennå eg kjenner den gode malingslukta der var.

«Men nå er det bare minne». Men gilde minne. Med takksemd til mor og far og søskenflokken. Mest takk til Gud som gjorde alle ting vel.

PS Bedehuset blei bygd nokre år etter vekkinga. Det var det far og Georg Idsal som bygde av midlar som var samla inn på Idse og Idsal. Det vart då regelmessige møter kvar sundag og bønemøte kvar onsdag. Dessutan var det sundagsskule kvar sundag i mange år.

Ellers fekk me oppleva fleire vekkingar i vår barndom og ungdomstid, m.a. ved Olaus Østebø, Torvald Ladstein, Johannes Kjeldsvik m.fl.

Nå er det mitt ynskje og bøn til Gud at vekkjingstidene må koma att både på Idse og ellers i landet vårt.

Madla i juli 1990 (Eli Idsø 1905-1999)
– Takk til Dag Idsø for dette innlegget


Se også: Maleri Idse bedehus