Maleri Idse bedehus

Først publisert i menighetsbladet Preikestolen nr. 2, april 2016.
Av Jon Vogt Engeland. Gjengitt med tillatelse.

Naar Jesus kommer ind i Huset

På frontveggen i den største salen på Idse bedehus heng eit stort måleri som heiter «Naar Jesus kommer ind i Huset».  I år er det hundre år sidan det kom til Idse, så det høver godt å fortelja noko av soga omkring det.



Ryfylkebispen.
Me skal ikkje gå nærare inn på livet hans utan ei, for oss og for han, viktig hending: Han vart frelst i 1905!! For: På den tida gjekk det eit Herrens Stormver over Ryfylke. Og den leiande i denne vekkingsrørsla var Ryfylkebispen.  Ja, me heldt oss med eigen biskop her i Ryfylke i mest femti år.  Han heitte Sven Foldøen og var lekpredikant. Men det var mest han som styrde mykje av kristenlivet i Ryfylke fram til godt etter Krigen. Og når Foldøen kom til bygda, då vart det vekking! Omkvedet i forkynninga hans var: Kom som du er, du er vasket i lammets blod

Og Edland var vaska i lammets blod. På måleriet vil han fortelja oss om dette. Personane som stod modell, var frå hans eigen familie. T.d. er ho vesle snella som står framføre vogga, dottera, Kristine. Mange her i Ryfylke hugsar henne enno som songevangelist: ”Ho song så flott på møta,” vert det sagt.

Men dette er ikkje eit portrett av familien Edland. Personane som stod modell, var frå den familien. Men soga som biletet fortel, er frå Idse, og om kva som hende her då «Jesus kom ind i huset».

Vekking på Idse. Det var i 1910: Då drog Sven Foldøen til Idse.  Han tok inn hos Tora og Ingebrigt Idse, den største gardbrukaren der.

Før Foldøen kom, var det bare tri truande menneske på Idse.  Ein av dei var kvekar, den andre var ei stilfarande kone på Idsal og den tredje ja, han var den einaste som talde imot å sleppa denne galne predikanten til. Men han var innflyttar i bygda, så det han sa, hadde ikkje mykje vekt. Slik fortel Foldøen sjølv det – me skal kanskje ta det eksakte talet med ei klype salt.

Men i alle høve:  Foldøen kom, og møta vart haldne. Dei heldt fram i to månader, og møtestaden var meir enn full kvar kveld.  Foldøen sjølv fortel:  ” Vækkelsen tok slig til at den blev som et vaarbrus av regne og smeltet sne, som ingen makt kunde standse. Der blev jubel og sang og mange gilde vidnemøter. De aller fleste som overgav seg, blev løst og gjenfødt til et levende håb ved Guds ord og Ånd. 

I stova på Idse. Eg trur me er i stova hos Ingebrigt og Tora, for sjå ut gjennom vindauget til venstre:  Dei har den same utsikten som me har frå Bedehuset i dag. Me ser mot Idsalsundet og Idsal akkurat som folka på garden her gjorde for hundre år sidan!

Det er ei enkel stove frå tida rundt fyrste verdskrigen me ser inn i. Slik var vel stova på dei fleste gardane av ein viss størrelse rundt hundreårskiftet: Pinnestolar, klaffebord, golvklokke og ein god etasjeomn til vedfyring. Det er lette gardiner i vindauget og blomstrar i karmen – det tyder på at me er hos velstandsfolk.



Eg synest dei to yngste mannfolka er nokså moderne i klesdrakta. Dressane deira ville vel skilt seg ut i dag. Kven går i dress utan til stor fest no? Men for nokre tiår sidan ville det ikkje vore uvanleg. Og forresten: Dei er glattbarberte! Eg har sett eit bilete av bestefar min frå omkring den tida, og han hadde godt med skjegg, så dei tok etter det nye i tida på Idse også. Eine mannen sit i vest – eit heller sjeldsynt plagg i vår tid, og kvinnene har subbeside skjørt. Slikt ser me mest bare  på bunaddagen, 17.mai, no til dags, men på den tida var dette sundagsklede.

Den eldste karen har ei bok: Det må vera Huspostillen! Eg trur me er til stades på andaktsstunda deira. Men Edland vil noko meir: Ei andaktstund der han far les høgt ein andakt på sikkert stivt bokmål, er grei og uforpliktande.  Men no er det alvor. Jesus kjem! Tek du imot han?

I den tolvte time. Alvoret vert endå tydelegare når me merkar oss nokre detaljar i biletet. Sola skin inn på bordet, og sidan me ser mot nordaust, må det vera morgonsola. Litt raudskjer er det og i morgonsola.  Men når me ser på det store golvuret, meiner eg at visarane står på noko over halv tolv, og det heng sjølvsagt ikkje saman med morgonsol! Kanskje Edland vil sei at me er i den tolvte time: Biletet fortel ikkje berre at Jesus «kommer ind i Huset»,  men at Kristi Gjenkomst står for døra. Soloppgangen!! Me har alle ein ny morgon å gleda oss til.

Men eg synest Jesus ser noko trist ut – alvorleg og trist. Soloppgangen er nok reservert dei frelste. Eg trur at Edland har måla Jesus trist fordi ikkje alle i heimen tek imot ”løysinga i lammets Blod”- Me ser at den eine av dei to unge mennene går ut av stova. Edland vil fortelja oss at det er alvor. Me må omvenda oss for å bli frelste.

Det vert fortald at på eit av møta var det tri mannfolk som enno ikkje var frelste, og Foldøen vende seg direkte til dei: No vil eg tala til dykk tre som ikkje er omvende til Gud. Konene dykkar har gjeve seg over til Gud.  Men korleis trur de det vil verte på den store dagen når konene dykkar står på den høgre sida, og de på den venstre

Dei andre på biletet tek imot – dei er frelste, ungane og, men det ser mest ut til at dei fylgjer med på lasset foreløpig  Gamlemor sit ved omnen, og har enno ikkje sett kven som kjem inn. Det ser ut til ho er svært sein med å omvenda seg.

Ein salme byggjer bru. Eg har ein salme akkurat frå denne tida som eg synest kan vera bakgrunn for måleriet:

Opna hjartans dør vidare enn før
slepp den herre Jesus inn,
lat han evig verta din!
Alltid må du honom hylla,
heile hjarta kan han fylla.
Kvifor har du ikkje før
opna hjartans dør?

Jesus bankar på, nå du opna må!
Då den gode hyrding dreg
med si frelse inn til deg.
Når du fer frå dødens dalar,
opne finn du himlens salar.
Opna, opna hjarta nå!
Jesus bankar på!

Ja, denne salmen, denne soga, er det Edland har lagt ned i måleriet: Eit augneblinksbilete av ein familie for 100 år sidan. Men salmen er også ei bru over dei 100 åra som er gått sidan vekkinga slo inn over Idse, og då vert det ei soge som angår oss alle.


FAKTABOKS

Kristian Edland har levert ca 40 måleri med religiøst motiv til bedehus, kyrkjer og skular. Dei fleste finn me i Rogaland, og fire skal vera i Strand: I bedehusa på Idse, Jørpeland, Heia og Voster. Edland tok seg sjeldan betalt for meir enn fargar og lerret. Han må ha sett på målargjerninga si som eit kall til å forkynna evangeliet.

Måleriet på Idse bedehus vart måla i februar 1916. Det er ikkje signert, men målarens namn er skrive på. Det vart utsett for ei noko hardhendt reingjering på åtti-talet, og Kurt Gudbrandsen restaurerte det i 1989.

Det finst to måleri til med same motiv. Det eine er frå rundt 1920 og heng i Randaberg forsamlingshus*, og det andre heng i Erøy bedehus (Betel)**. Det skal vera måla på tretti-talet.

Sjølv om motivet er det same, er det ei anna stove me ser på Idse enn på dei to andre, og personane er annleis plasserte.


Malerier med samme motiv som nevnt i teksten ovenfor:
*) Randaberg forsamlingshus (ekstern lenke)
**) Erøy bedehus (Betel) (ekstern lenke).


Se også: Frå vekkinga på Idse 1910-11